Kommunikasjon og tidsbruk
Livskvalitet Mental trening Natur Tid

Kreativ og effektiv med digital detox

By on 17. januar 2018

Det er tida for detox no på nyåret. For min del vart det ein digital ein!

Smarttelefonen min gjekk i golvet for seks dagar sidan. Den lyste opp i ei mengd ulike fargar før den slokna for godt. Eg er framleis utan telefon. Og heilt ærleg, det er godt! Ein ny Iphone er på veg i posten, men eg vurderar å skaffe meg ein «dumtelefon» frå Clas Ohlson i tillegg. Den tek eg med meg på arbeid og ut i sosiale lag. For det er jo sjølvsagt viktig at folk kan få tak i meg, men det er mange funksjonar på smarttelefonen som eg faktisk ikkje har bruk for i det daglege. Men eg brukar dei likevel, fordi dei er kjekke å ha, og fordi det har vorte ein dårleg vane å rulle nedover Instagram og Facebook.

Å styre mi eiga tid

Nokre gonger let eg verda styre tida mi, men etter desse dagane er eg motivert for å snu om på det. No tenkjer eg at eg eksempelvis kan sjå på og poste på Instagram om morgonen og heller logge meg inn der att på kvelden for å legge ut «stories». Kompaktkameraet har eg ofte med meg i sekken. Facebook og Tidal har eg uansett på macen. Dei andre appane og funksjonane får heller vente. For når eg tek meg fri frå smarttelefonen, slik som no, bidreg det til at eg får tid til det viktigaste. Det gjer meg meir kreativ, effektiv og konsentrert. Det let meg synke ned i det eg driv med fordi eg ikkje blir forstyrra av varslar og mi eiga nysgjerrigheit. Og ikkje minst er eg til stades med ungane mine utan at eg dreg opp telefonen for å ta bilder eller «sjekke noko.»

Djupe og ekte samtalar

Denne helga har eg vore på vakre Thorbjørnrud hotell, på anti-konferanse i regi av Fjellflyt. Og utan telefon glei eg rett inn. For her vart vi møtt med plakater med «mobilhotell og «digital detox». Dei aller fleste gründarane på samankomsten respekterte dette, og det var herleg å sjå at dei følgde med og var til stades. Ikkje minst under gåturane ute og under middagen på kvelden med samtaler over bordet utan telefonar som eit forstyrrande element. På anti-konferansen planla eg forresten heile 2018, og Hugsmia har himmelhøge mål!

Har du prøvd deg på ein digital detox i det siste? Eller fekk du lyst til å prøve det for å sjå kva det gjer med deg?

 

 

 

 

TAGS
RELATED POSTS
Hugsmia - Mayka Brevik

Hugsmia er ei smie for modige og energiske bedriftsleiarar som ynskjer seg tid til det viktigaste, slik som nye kreative prosjekt, hobbyar og relasjoner. Hugsmia smir og slagkraftig kommunikasjon for hjarteprosjekta til desse bedriftsleiarane. I smia møter du meg, Mayka Brevik, kommunikasjonsrådgjevar og eksperimentell katalysator med sans for komplekse prosjekt. Bloggen dreier seg om mi eiga reise, for å få tid til det viktigaste, og slik oppnå livskvalitet. For tida går noko av smedarbeidet ut på å leggje om bloggen til nynorsk.

Følg meg!

Legg inn din epost-adresse, så sender jeg deg en varsling når jeg legger ut nye blogginnlegg.

Bli med blant 15 andre abonnenter

Kategorier
Blogglisten
Blogglisten hits