Om Hugsmia

 Velkomen til Hugsmia, smia som tek deg til hugen.

Hugsmia er ei smie for modige og energiske bedriftsleiarar som ynskjer seg tid til det viktigaste og hjelp til å smi slagkraftig kommunikasjon for hjarteprosjekta sine.

I smia møter du meg, Mayka Brevik, gründar, kommunikasjonsrådgjevar og eksperimentell katalysator med sans for komplekse prosjekt. Ideen om Hugsmia slo ned i meg då eg vandra aleine under Reineskarvet ein ruskete haustdag. No hjelper eg bedriftsleiarar med å oppnå livskvalitet. Dette gjer eg gjennom å gje dei hammar og meisel for å styre tida – med blant anna naturen som rammeverk. På denne måten kan bedriftsleiarane få tid til nye hjarteprosjekt i verksemda si, relasjonar og hobbyar. Hugsmia smir og slagkraftig kommunikasjon, som gjer at prosjekta til bedriftsleiarane treff målgruppa og blir synlege.

Eg vart fødd på Kongsberg ein vårdag i 1978, og vaks opp i Ål kommune. Dei siste 20 åra har eg budd i Lofoten, på Rena, i Oslo og på Nesodden. Eg har mellom anna arbeidd som journalist i Drammens Tidende og Nationen, og som kommunikasjonsrådgjevar og kommunikasjonssjef i store organisasjonar som Posten Norge, SpareBank 1 og Oslo kommune. Eg vart mor til ein liten gut allereie som 20-åring, og var aleine med han fram til han var fem år. Ei stor glede å vere ung mamma! Eg har og to søner på tre og sju år.

Sommaren 2017 gjekk vegen heimatt til Hallingdal. Til Hemsedal, nabokommunen til Ål. Husbonden og eg var samde om at det aller viktigaste i livet er tid til familielivet, fridom, storslagen natur, fjell og skikkelege vintrar. På bloggen kan du lese om mi eiga reise for å få tid til det viktigaste, og dermed oppnå livskvalitet.

Eg er utdanna medievitar fra Universitet i Oslo, der eg skreiv masteroppgåva mi i samarbeid med Kreftforeningen og Statens Strålevern. Eg har og ein bachelor i informasjon og samfunnskontakt frå Høgskulen i Hedmark. For tida sertifiserer eg meg som ACC-coach gjennom Erickson International. Eg brenn for kommunikasjon og psykologi, og eg har teke kurs innan leiing, sjølvleiing og emosjonell intelligens på BI.

Her kan du finne ut meir om min faglege bakgrunn og erfaring:
maykalayka2