Kommunikasjon og PR

Kommunikasjonsproduktet «Smia» tek bedriftsleiarar frå start til mål når det gjeld å få tid til det nye hjarteprosjektet i eiga verksemd, gjere det synleg og kommunisere slagkraftig med ei tydeleg målgruppe. «Smia» må fylgjast kronologisk, og er delt inn i seks fasar. Her nyttar vi både natur og kreative idéverkstader på veg mot målet. Innhald og prisar for «Smia» blir tilpassa kvar enkelt verksemd. Prisar frå 50 000 for heile «Smia», avhengig av omfang.

SMIA: 

Fase 1: Essa:

Klarleik og motivasjon med tanke på kva oppdragsgjevar skal bruke tid på, – og ikkje bruke tid på, framover.

Fase 2: Ambolten

Klar visjon for det nye hjarteprosjektet i verksemda som vil peike ut vegen vidare. Klarleik med tanke på kva som er mogleg å få til, og kven som er målgruppa for det nye prosjektet.

 Fase 3: Blåsebelgen

Gir inngåande kunnskap om målgruppa slik at oppdragsgjevar kan treffe blink med kommunikasjonen, bli synleg og få fleire kundar.

Fase 4: Jernet

Ein slagkraftig kommunikasjonsstrategi blir smidd. Med riktig bodskap , kanalar og ”timing” som vil bidra til synleggjering og å treffe målgruppa.

Fase 5: Hammaren

Planlegge godt og realistisk for hjarteprosjektet. Etablere gode vanar, som bedriftsleiaren klarer å fylgje.

Fase 6: Meiselen

No er planen klar til å setjast ut i live. Hugsmia gjennomfører nokre eller fleire av kommunikasjonstiltaka i kommunikasjonsstrategien.

Du kan sende meg ein epost på mayka@hugsmia.no eller ringe meg på tlf. 9703083 dersom du vil vite meir.